Om meg

Namnet mitt er Hans Lennart Sævik og eg vaks opp på Sunnmøre på ei lita øy som heiter Remøy. Eg har alltid teikna og måla, det å formidle tankar og inntrykk gjennom små og store bilder har eg stor glede av. Det er ein fin måte å kople av frå ein aktiv kvardag. Eg er utdanna navigatør ved Fiskeriteknisk Høgskule, og seinare utdanna statslos. I mitt arbeid som los har eg blant anna nattevakter og seiingar på kysten i både fint og dårleg vêr. Det er ofte her eg får motiva mine frå, den fantastiske natta og det flotte lyset som skin over kysten. Fargespelet i horisonten, skumringa og natthimmelen inspirerer meg til å gjenskape bildet på eit lerret.

Eg har inga formell utdanning innan målarkunsten og teknikkane eg bruker er sjølvlært. Galleri Sævik er ei nettside som formidlar bilda eg målar og i dag er der inga fast utstilling av bilda.

Ta gjerne kontakt for pris og for visning av bilda mine.